La oss sei det med ein gong......målet med nettsida er å få deg interessert i å ta ein tur med stanga og prøva fisket i Etne Kommunes største vatn, Stordalsvatnet.

Vatnet ligg langs E-134 i Stordalen, omlag 6 km aust for Etne sentrum. Vatnet er stort sett lett tilgjengeleg, då det er bilveg rundt det meste av vatnet. For dei interesserte vil det og vera mogeleg å leige seg båt, eller ta med eigen båt og bruke lett tilgjengeleg "slipp" for å sjøsetje, eller vann-setje heiter det kanskje? Her må ein i så fall passe på å desinfisere båten om den har vore i andre vatn tidlegare, smittefare er noko me er nøydd til å ta på alvor.

Storaure på gyting

Hausten 2016 var me og filma nokre retteleg flotte brunaurar som var på gyting ved Lurasund (Grønstad) like under brua. Kvart år i slutten av oktober dukkar dei opp.

https://www.youtube.com/watch?v=MFzkjt5yWLw

Her finn de årets Gytefiskfilm 2017. Den er betre, men det ligg ein del arbeid i å kome seg i posisjon utan å skremme den store auren på slutten, mange forsøk før eg fekk det til.

https://www.youtube.com/watch?v=dS3teAdTb98

Endra fiskereglar

Me har søkt om og fått endra litt på fiskereglane for Stordalsvatnet. Særskild gjeld dette garnfiske, der ein no kan fiske med opp til 16 omfar garn etter røye, så lenge garna er nedsenka (slik me jo gjer for å fange gytevandrande røye om hausten). Reglane for oterfiske er også endra.

Les meir under "fiskereglar"

Me har som mål at denne nettsida skal gi brei informasjon om det som måtte vere av spanande informasjon i samband med Stordalsvatnet og fiske der.

Me vil ha info om fiskereglar, kortsal i eigen nettbutikk, oversikt over kor ein kan leige båt etc.

Sesongen 2017

Flott fisk på 2,8 kg teken på "bomber" i røyefargar på overflatestang i midten av juli. Veka etter vart det teken ein feit fisk på 5,2 kg.

5,2 kg og K-faktor på 1,49. Raud og fin inni denne også. (har teke farge utanpå av den raude stampen den låg i)

 

 

 Send oss gjerne ein e-post på: post@stordalsvatnet.no

Kart over Stordalsvatnet

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter