Fiskereglar for Stordalsvatnet

Det er i all hovudsak same fiskereglar som gjeld for alle vassdrag i fylket der det finnes anadrom fisk (Laks og sjøaure).

Her er ei kortfatta oversikt over fiskereglar for Stordalsvatnet:


Fiskereglar i Stordalsvatnet i Etne kommune

 

For Stordalsvatnet gjeld følgjande fiskereglar:

Fiskekort må løysast.

Stong og handsnøre

Fiske etter innlandsfisk er tillete heile året i Stordalsvatnet med stong og handsnøre. Men utanom lovleg fisketid for anadrom laksefisk (når det er ope for slikt fiske) er det ikkje tillete å fiska nærare enn 100 meter frå innos og utos.

I tida  15.6.-15.8 (fisketida for laks og sjøaure), må fiskaravgift til staten og betalast for fiske i Stordalsvatnet, i tillegg til fiskekort.

Oter

Ein kan fiska med oter etter innlandsfisk, men berre i tida 15.5- 31.8. (15.7. tidlegare)Men heile fiskereiskapen skal til ei kvar tid være minst 100 m frå innos og utos.

Not, ruse og fastståande reiskap

Kan kun nyttast til fiske etter innlandsfisk dersom ein har fått løyve frå Fylkesmannen. Hugs at ål er freda.

Setjegarn(botngarn,flytegarn)

Garn med maskevidde 21-39 millimeter(30-16(endring frå 22) omfar) kan nyttast heile året i Stordalsvatnet. Men i perioden 16. juli- 14.mai,skal heile fangsdelen til garnet være minst 5 meter under vassyta. Garn skal alltid stå minst 200 meter frå inn-og utos.

Der Stordalsvatnet har ei breidde som er mindre enn 200 meter, er det forbod mot fiske med setjegarn. Dette gjeld heile året.

Garn må ikkje setjast ut slik at det fiskar i meir enn fjerdedelen av innsjøen si minste breidd på fiskeplassen, også medrekna avstand til øy/holme/skjer i innsjøen.

Garn må ikkje setjast på ein slik måte at det er nærliggjande fare for fangst av anadrom laksefisk, eller på ein slik måte at det hindrar fri gang for anadrom laksefisk.

Kvart garn som vert sett ut, skal merkast med synleg flottør, med fiskaren sitt namn og adresse, eller namn og telefonnummer.

 

Påbod om utsetjing av anadrom laksefisk, fanga i Stordalsvatnet


 To elvar, Fretteelva (nordalselva) og Etneelva

 

(faximile frå Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider) Link til sida finn du HER

Lakse- og sjøaurefiske i vassdrag  til toppenav sida

Fiskaravgift
Alle som har fylt 16 år og som skal fiske etter laks og sjøaure i elvane må betale fiskaravgift til staten.
For fiske etter laks og sjøaure i sjøen er det ikkje naudsynt å betale fiskaravgift.

Fiskekort
Før fisket startar må du kjøpe fiskekort eller innhente fiskeløyve hos fiskerettshavaren. Den som sel fiskekort eller gjev løyve til fiske, har plikt til å forvisse seg om at fiskaravgifta er betalt.

Rapportering
Den som eig fiskerett til laks, sjøaure eller sjørøye har plikt til å sende inn rapport om fangsten seinast ein månad etter at fisket er slutt. Det skal rapporterast både om avliva fisk og gjenutsett fisk. Rapporteringa skal gjerast på det sentrale registeret fangstrapp.no
Tillatte reiskap
Det er berre tillatt å fiske med stang og handsnøre. Følgjande agn er tillatt: mark, sluk, spinner, wobbler og flue.
 Egil sin slukkasse
Krokstorleik
Det er ikkje tillatt å rykke/krøke fisk, og difor er det innført reglar om krokstorleik. Avstanden mellom krokstamme og krokspiss kan vere maksimalt 13 mm, og  for enkeltkrok maksimalt 15 mm.
 Krokstørrelser
Talet på reiskap
Ved fiske frå land er det tillatt å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillatt med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Det vil sei at det kan brukast to fluer på fortommen, eller ei opphengarflue over sluken. Ved fiske frå båt er det tillatt å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

Fisketider
Fisketidene for fiske etter laks og sjøaure i alle vassdrag er regulert i den landsdekkjande forskrifta Forskrift om fisketider for laksefiske i vassdrag. Det er elles lov å fiske heile året etter laksefisk i nokre kraftverkskanalar og fossar, sjå Forskrift om opning av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, Hordaland.

Det er tillatt å fiske innlandsfisk i innsjøar, jf Forskrift om innlandsfiske, Hordaland.

Lokale fiskereglar 
Lov om laks- og innlandsfisk med tilhøyrande sentrale og lokale forskrifter set dei ytre rammene for fisket. Rettshavarane kan fastsetje eigne lokale fisketider innanfor desse rammene.
Vi minner om at det er fiskaren sitt ansvar å setje seg inn i dei reglane som gjeld.
Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter