Garnfiske i Stordalsvatnet

Garnfiske er tillete for alle grunneigarar til vatnet. Andre kan sikkert få prøva seg med garn, om dei pratar med ein grunneigar først. Vatnet har berre godt av å bli fiska, i alle høve om ein gjer det på rette måten.

Det finnes eigne, og kanskje litt intrikate reglar som kan fortona seg noko underlege i høve til garnfiske. Her må ein hugse på at dette er "lakseførande" vassdrag, og då har laksen rangen. Stordalsvatnet fiskelag er i dialog med Fylkesmannen si avdeling som har ansvar for fiske, og det kan sjå ut som me skal få til litt lempligare reglar, men enn så lenge er det reglane nede på sida som gjeld.

Fylkesmannen har ansvar for anadrom fisk, og storaure, medan Fylkeskommunen har ansvaret for innlandsfiske.....lett skal ikkje dette vera gitt!

Not, ruse og fastståande reiskap

Kan kun nyttast til fiske etter innlandsfisk dersom ein har fått løyve frå Fylkesmannen. Hugs at ål er freda.

Setjegarn(botngarn,flytegarn)

Garn med maskevidde 21-29 millimeter(30-22 omfar) kan nyttast heile året i Stordalsvatnet. Men i perioden 16. juli- 14.mai,skal heile fangsdelen til garnet være minst 5 meter under vassyta. Garn skal alltid stå minst 200 meter frå inn-og utos.

Der Stordalsvatnet har ei breidde som er mindre enn 200 meter, er det forbod mot fiske med setjegarn. Dette gjeld heile året.

Garn må ikkje setjast ut slik at det fiskar i meir enn fjerdedelen av innsjøen si minste breidd på fiskeplassen, også medrekna avstand til øy/holme/skjer i innsjøen.

Garn må ikkje setjast på ein slik måte at det er nærliggjande fare for fangst av anadrom laksefisk, eller på ein slik måte at det hindrar fri gang for anadrom laksefisk.

Kvart garn som vert sett ut, skal merkast med synleg flottør, med fiskaren sitt namn og adresse, eller namn og telefonnummer.

Nokre stemningsbilete frå ulikt garnfiske

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter